Godt fornøgde med Visma InSchool

Vestborg vidaregåande er ein kristen friskule som ligg på Stranda, vakkert plassert i dei ruvande Sunnmørsalpane. Skulen har internat og husar i dag rundt 60 elevar. Dei tilbyr studiespesialisering, idrettsfag og påbygning.

Visma har teke ein prat med Øystein Strand, lærar og inspektør ved skulen.

– Skulen er godt fornøgd med bruken av Visma InSchool. Det er lite klaging frå brukarane våre. Dette antek vi er godt nytt, legg han til med eit lite smil. Han påpeikar at ein av faktorane som gjer systemet godt, er at det blir oppdatert kvar veke.

– Ei stor forbetring frå tidlegare, synest vi.

 

 

 

 

Øystein Strand, lærar og inspektør ved Vestborg VGS (foto: Vestborg VGS)

Stor og omfattande løysing

Som friskule står skulen fritt til å velja leverandør av skuleadministrativt system. Øystein fortel at noko av årsaka til at skulen valde Visma InSchool, var at “Visma var ein stor aktør, og at løysinga var stor og omfattande.” Dessutan kjende skulen tryggleik i at systemet vart bestilt av fylka og dermed stod ansvarleg overfor dei.

– Det i seg sjølv antok vi ville vera ein garanti for at systemet vart godt konstruert, og at det vart jamleg oppdatert og halde ved like. No har det i ettertid vist seg at innføringa har gått veldig greitt, systemet levde opp til forventningane våre.

Finn svar i gode opplæringsartiklar

Øystein framhevar også moglegheita løysinga gav for tilgang på kurs. Han er fornøgd med tilbodet og med Zendesk [brukarportal for Visma InSchool].

Opplæringsartiklane gir svar på det meste og blir ofte brukt. Administrasjonen sender gjerne ut lenkjer frå Zendesk til lærarar i samband med karakteroppgjer. Greitt med ei påminning på prosedyrar ein gjer berre ein gong iblant.

Øystein Strand

Lærar og inspektør, Vestborg VGS

Administrasjonen ved Vestborg er også ein aktiv brukar av supportapparatet, til dømes ved problem med tilgangar. Her har Øystein eit par ting å påpeika.

– Av og til tek det tid før dialogen kjem i gang. Vi kunne ønskja oss raskare svar på enkle saker. Det kan til dømes ta opp til eit døgn å få oppretta eit nytt brukarnamn. Dette skulle vi gjerne ha vore i stand til å gjera sjølv.  

Øystein ønskjer seg også moglegheita for å byggja eigne rapportar. Og ikkje minst:  – At omsetjingar til nynorsk kjem raskare på plass!